søndag 3. januar 2010

Her er heilt tomt..!

Det er ei rar kjensle å kome tilbake til ein plass som vanlegvis syder av liv og leven å oppdage at her er heilt tomt. Eg vist jo at skulen kom til å vere tom, då eg kjem nesten eit døger før alle andre, men der er framleis rart å vite at ein er einaste person i eit bygg med over 100 sengeplassar..

Å litt skummelt. Eg merkar at eg skvett lettare. I stad skvatt eg då lyset skrudde seg av i gangen. Ingen ting skal forandre seg i eit bygg der ein er einaste personen, så automatiserte dingsar er kanskje det skumlaste her.. :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar