søndag 3. januar 2010

Det er rart...!

Det er rart korleis ein kan vere heilt sikker på at ein tok med seg to dongeribukser heim til jul. Ein har på seg den eine, medan den andre er ingen stad å finne. Ein går heile jula med den eine dongeribuksa og vert meir og meir usikker på om ein faktisk hadde med seg berre ei dongeribukse.

Det er rart korleis ein den nest siste dagen i jula har innsett at ein kun tok med seg ei dongeribukse heim til jul, til tross for at ein den første dagen ein var heime var skråsikker på at ein hadde pakka to.

Det er rart korleis ein siste dagen ein er heime i jula, etter å tett på ha slitt ut den eine dongeribuksa og irritert seg grønn og lys lilla over at ein ikkje tok med seg to, finn den andre dongeribuksa medan ein pakkar til avreise dagen etter...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar