fredag 19. mars 2010

Lite inspirerende

Det er helt utrolig hvor lite inspirerende det er å skrive på bloggen sin når det skjer mye på rommet og det er masse bråk.. :)

I'll be back ;)

torsdag 18. mars 2010

Hemsedal

Det er ikkje feil med 3 dagar i skitrekket i Hemsedal. Det er i alle fall ikkje feil med ny preparerte løyper klokka ni på morgonen. Det er heller ikkje feil med nybaka brød til frukost på KRIK-høyfjellsenter.

Det er få ting som er så deilig som å suse av den største Big-Jumpen, sette trikset for så å sette ei landing som er så silkemjuk at du like godt kunne landa i ein haug med puter.

Det er heller ikkje feil med steikte poteter, spagetti med kylling, spagetti med kjøttsaus, karbonader, ribbe og frityrsteikt fisk til middag etter ein lang dag i bakken. Før ein stikk ut på kveldskøyring.

Og berre for å avslutte dagen. Det er absolutt ikkje feil å komme heim frå kveldskøyringa og hoppe i det utandørs boblebadet, eller sette seg i tyrkisk badstua.

KRIK-høyfjellsenter og Hemsedal Skisenter. You gotta love that Skiing feeling!

onsdag 10. mars 2010

Nå kan jeg møte Jesus

Den 12 Januar døyde farfar. 8 månadar etter døyde Farmor. Då dei døyde i fjor var det noko av det tøffaste eg har opplevd så langt i livet mitt.. Ein kan trygt seie at 2009 var eit tøft. I tillegg til farmor og farfar døde også to av naboane mine. Ein av kreft, ein i ei bilulukke. Dei var 49 og 23 år gamle. Så døden traff meg rimelig hardt i 2009.

Farfar var artig mann. Han hadde alltid ei historie på lager, som han lo seg i hjel av før han var ferdig å fortelle. Han hadde alltid tid til å leike med barnebarna. Og han hadde alltid tid til familie og venner. Farfar var kanskje den personen som betydde mest for meg.

Det å misse nokon som står ein så nær er vanskelig. Det var ein heilt surrealistisk følelse å gå inn i huset til farmor og farfar første gang etter gravferda. Eit hus det har vert liv i i over 100 år. Først oldeforeldra mine, så farmor og farfar og pappa og onkelen min. Plutselig, på under eit år står huset tomt. Eit hus der barn har sprunge rundt i hagen og leika. Eit hus der det har vert servert middag i over 100 år. Eit hus der det alltid har vert kjærleik å få for den som trengte det. Plutselig står det tomt.

Folk har spurt meg kvifor eg er kristen. Det er ikkje eit svar det er lett å svare på. Eg er kristen av mange grunnar, men ein av dei er at eg treng å tru at det kjem eit liv etter døden. Eg treng å tru at det er meir en dette. Eg treng å tru at dei eg ein gong var så glad i har det bra.

Eg har blitt meir religiøs etter at farmor og farfar døyde. Eg har opplevd at når eg hadde det vondt var det hjelp i å snakke med Jesus. Farfar hadde også ei utruleg sterk tru på Jesus. Ei tru eg misunnar han når eg av og til er i tvil.

I den grad ein kan vite det, viste han at han skulle til Jesus. Det siste som skjedde før han døyde var at pappa og onkelen min sat på kvar si side av senga og ba ”fader vår” med farfar. Det siste han sa var fem ord som forandra mitt syn på han for alltid. Kanskje den flottaste setninga eg har hørt. Han sa: ”No kan eg møte Jesus”. Han viste at han skulle til ein betre plass. Eit liv etter døden. Han var klar.

Det fekk meg til å tenkje. Kor mange av oss er klare til å møte Jesus? Dette gjeld ikkje berre dei som er kristne. Dersom ein strippar kristendommen for alt religiøst, står ein igjen med god gammaldags folkeskikk. Du skal ikkje stele, du skal ikkje lyge osv. Kor mange av oss lever opp til dette? Kor mange her kan med handa på hjertet seie at dersom ein døde i morgon, var ein klar for å møte Jesus? Eg er ikkje klar. Eg har ting eg angrar på. Hendingar eg ikkje er stolt av der eg burde gjere opp for meg. Eg er ikkje klar til å møte Jesus.

Det som er så flott er at ein har lov å gjere desse feila. Det var ein grunn til at Jesus kom til jorda. Det var ikkje for å forandre vatn til vin, eller for å gje blinde synet tilbake. Dette var berre verkemiddel han brukte. Han kom for å frelse oss frå våre feil. Han døde for at vi skulle få lov å gjere desse feila. Og dersom vi aksepterer det og vel å tru på det, då er vegen til himmelen klar for oss. Der står, for min del, Gud, farfar og farmor klar for å ta imot meg.

Vekas anbefaling; Musikk

Ein utruleg artig, men samstundes fin song.
All ære til "Norwegian Recycling"!

How six songs Collide

Enjoy ;)

En uselvisk, god gjerning

Finnst det noe sånt som en uselvisk, god gjerning? Er det mulig å være så uegoistisk at man gjør noe for andre som gjør at en selv føler seg elendig? Eller er alt vi gjør en handling for å få oss til å føle oss bra?

Dersom jeg gir godteri til vennen min og vennen min blir glad, blir ikke jeg også glad da fordi vennen min ble glad?

Tenk litt over om livet vårt er bygget på egoisme eller om du finner en uselvisk god gjerning.