Etter ein litt sein start er nå SK2010 godt i gang. For dei som måtte lure står SK2010 for Sommerkropp 2010 og skal ende i steinhard sixpack og fysisk form som verda sjeldan har sett liknande til. Om det kjem dit er vel heller tvilsamt, men prosjektet er uansett sett i gang!
Første treningsøkt vart lagd ned i går og det var tydelig at kroppen hadde hatt ferie ei stund. Likevel vart 45 steinharde minutt trening av mage og overkropp gjennomført med pust og pes berre ulven som pusta og pesa ned tre grisehus kunne matcha.
Treningsprogrammet veke for veke ser per no slik ut.
Dag 1: Mage + Overkropp (Manualar)
Dag 2: Mage + Bein (knebøy + apparat)
Dag 3: Mage + Overkropp + Stretch
Dag 4: Mage + Bein (Fokus på førebyggande mht. kne)
Dag 5: Sykkel ute/inne. Evt annan kondisjonsøkt + Stretch
Så får tida vise korleis det går...! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar