Det er ikkje feil med 3 dagar i skitrekket i Hemsedal. Det er i alle fall ikkje feil med ny preparerte løyper klokka ni på morgonen. Det er heller ikkje feil med nybaka brød til frukost på KRIK-høyfjellsenter.
Det er få ting som er så deilig som å suse av den største Big-Jumpen, sette trikset for så å sette ei landing som er så silkemjuk at du like godt kunne landa i ein haug med puter.
Det er heller ikkje feil med steikte poteter, spagetti med kylling, spagetti med kjøttsaus, karbonader, ribbe og frityrsteikt fisk til middag etter ein lang dag i bakken. Før ein stikk ut på kveldskøyring.
Og berre for å avslutte dagen. Det er absolutt ikkje feil å komme heim frå kveldskøyringa og hoppe i det utandørs boblebadet, eller sette seg i tyrkisk badstua.
KRIK-høyfjellsenter og Hemsedal Skisenter. You gotta love that Skiing feeling!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar