mandag 14. desember 2009

MUSE - The Resistance Tour

Skal, skal ikkje, skal, skal ikkje, skal, skal ikkje...

Den 10. juli 2010 går verdas beste liveband på scena på Wembley Stadium! Forrige konsert på Wembley vart til CD. Er det rart at guten har lyst på konsert? Ikkje eigentlig!

Etter regelrett skivebom då dei spelte i Oslo Spektrum 24. Oktober er eg lysten på revansj og vurderer seriøst å reise til London for å få med meg denne konserten! Dessutan er Wembley Stadium nærast som heimebana til Muse å rekne. Dei har spelt her fleire gongar, seinast i 2007. Konserten i 2007 endte opp med å verte den nye liveplata til bandet.
Så dersom nokon skulle vere interesserte i å vere med er det berre å seie frå!

Knights of Cydonia (Live at Wembley Stadium 2007)
Supermassive Black Hole (Live at Wembley Stadium 2007)
Uprising (Live at "Laters with Jools Hollands")

Enjoy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar