torsdag 17. desember 2009

Juleball og anna ball

Kvifor er det slik at sjølv dei sterkaste og tøffaste gutane både skjelv og stammar når det kjem til å be med seg den vakraste jenta ein veit på ball? Til vanleg kan ein snakke rimelig normalt med personen, sjølv om ein kanskje er litt i overkant ivrig kvar gong personen kjem i snakk, men ein ter seg i alle fall ikkje som ein komplett idiot. Men så kjem ballet! Det å så frykta ballet!

Årets skumlaste dag for oss som kanskje er litt hemmelig forelska..
Skal ein tørre å spørje den ein aller helst vil gå med, eller skal ein gjere som impulsane seier å springe å gøyme seg i skapet?

Til slutt bestemmer ein seg kanskje for å be jenta på ball, men kva skjer? Ho er selvfølgelig opptatt sidan ein brukte så fordømt lang tid på å komme seg ut av det hersens skapet. Sånn reint fysisk komme ut av skapet altså…

Men for dei aller fleste løyser det seg likevel. Ein finn alltids nokon å gå på ball med. Og sjølv om det kanskje ikkje vart akkurat den du hadde sett for deg, kan ein framleis få ei flott oppleving. Ein kan kanskje til og med finne ut at ei av dei ein er sikker på har fått date for leeenge sidan vart spurt berre nokre timar før. Og det er jo, på sett og vis, ein oppløftande tanke. Ein er i alle fall ikkje åleine om å slite med å finne date.

Så til alle som skjelv i buksa no rundt desse juleballtider, tenk gjennom, kva er eigentlig det verste som kan skje? Sosialt utstøytt fordi ein dummar seg loddrett ut? Joda det kan nok skje. Jenta ein spør hatar deg for resten av livet fordi du ter deg som ein komplett idiot, snublar i bordet og søler lunsjen din over heile jenta? Kan absolutt skje...

Det skal ikkje være lett med ball…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar